Kjell Asbjørn Solberg AS skal bidra til eit meir berekraftig samfunn, og tar difor ansvar for vår miljøpåverknad. Ein viktig del av arbeidet er å vere Miljøfyrtårn-sertifisert. Det betyr at vi har etablert eit miljøleiingsystem som styrer klima- og miljøarbeidet, og hjelper oss med kontinuerleg forbetring. Sertifiseringa inneheld og konkrete krav ein må oppfylle innan arbeidsmiljø, avfall/ombruk, energi, innkjøp og transport. Kvart år innrapporterer vi tal for våre aktivitetar som resulterer i eit klimarekneskap, samt resultat og statistikk. Denne informasjonen gir god oversikt over framgang og forbetringspotensial, og skal vere offentleg tilgjengeleg.

Ein del av Miljøfyrtårn-sertifiseringa handlar om samspelet mellom verksemda og samfunnet. Difor inviterer vi kundar, samarbeidspartnerar og andre interessentar til å gi innspel om korleis klima- og miljøpåverknaden av våre varer/tenester kan forbetrast. Innspela gir oss nyttig innsikt i kva behov og forventningar dykk har til Kjell Asbjørn Solberg AS i åra framover.

Planar for klima- og miljøarbeidet

Overordna sett er det policy for klima, miljø og arbeidsmiljø som leiar arbeidet:

Vi skal ta omsyn til omgjevnadane vi finn oss i og gjere minst mogleg skade på naturen.

Dette oppnår vi gjennom:

  • å arbeide for å auke kompetansen, og drive haldningsskapande arbeid, i heile organisasjonen om vår påverknad på miljøet.
  • å arbeide systematisk med HMS/KS for å ivareta og forbetre våre rutinar.
  • å vere innovative ved å heile tida sjå etter meir effektive og ressurssparande løysingar.
  • å vektlegge miljø i innkjøp av maskiner og utstyr, samt service og vedlikehaldstenester.
  • å auke graden av kjeldesortering og ombruk, samt redusere avfallsmengda.
  • å redusere utslepp av Co2 på all transport.
  • å tenke sirkulært i alle prosjekt.

Miljøpolicyen fylgjast opp med konkrete mål:

  1. Redusere den totale avfallsmengda med 5% innan 2030.

Auke kjeldesorteringsgraden med 15% innan 2025.

  1. Redusere energiforbruket i bygg med 10% innan 2030.

Auke energieffektiviteten med 10% innan 2025.

  1. Redusere klimagassutslepp frå drift med 5% innan 2030.

15% fossilfrie tenestebilar innan 2030.

  1. Maksimalt sjukefråvær på 3% i 2025.

0% arbeidsrelaterte skader i 2025.

  1. Redusere utslepp av Co2 frå transport med 5% innan 2030.

Auke graden av gjenbruk av masser med 5% innan 2028.

Redusere unødig transport med 10% innan 2030.

Har dykk innspel til korleis klima- og miljøpåverknaden av varer/tenester kan bli betre hos Kjell Asbjørn Solberg AS? Send forslag til marianne@kasolberg.no

Vi ser fram til å jobbe saman for å skape eit meir berekraftig samfunn.